Påverkar røyking resultat av tannkjøttsbehandling?

I doktorgradsarbeidet har Dagmar F. Bunæs behandla 80 pasientar med tannfestesjukdom, 40 røykarar og 40 ikkje-røykarar, og samanlikna resultata for dei to pasientgruppene. Resultata viste at røykarar hadde ein høgare risiko for ikkje å bli frisk etter behandlinga og særleg ved fronttenner i overkjeven. Hos røykarar var bakteriebelegg på tennene ein sterkare negativ faktor for dårleg tilheling og indikerer at god munnhygiene er særleg viktig hos røykarar. Ein annan observasjon i studien var at manglande respons på behandlinga var sterkare assosiert med høge målingar av nikotin i blodet enn sjølvrapportert røykemengde. Dette kan forklarast med ei mogleg underrapportering av røykedose særleg hos storrøykarar. Vidare uttrykte storrøykarar ein svekka lokal inflammasjon som syntest upåverka av behandlinga. Resultata frå doktorgradsarbeidet understreker behovet for ei grundig kartlegging av røykevanar ved planlegging av tannkjøttsbehandling og at reduksjon av røykedose under behandling kan bidra til eit godt resultat.

Personalia

Dagmar Fosså Bunæs (f. 1971) er utdanna tannlege og spesialist i periodonti frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som dobbelkompetansekandidat sidan september 2011 og er no tilsett som overtannlege ved Seksjon for periodonti, Institutt for klinisk odontologi, Det medisinsk-odontologiske fakultet. Hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet har vore professor Knut N. Leknes og medrettleiarar professor Kamal B. Mustafa og professor Anne N. Åstrøm.

Bilde av Dagmar Fosså Bunæs. Foto/ill.: Jørgen Barth

Other News